Kort fortalt

Kan ha funne kur mot lakselus

Hentar vatnet frå 25 meters djup.

30.09.2016
ID: 12978062
(NPK-NTB): Lakselusplaga kostar norsk oppdrettsnæring 500 millionar kroner årleg, men ny forsking kan sette ein stoppar for dette.
Ein feltstudie som samanliknar lusetal, dødstal og vekst for laks i lukka og opne merdar, gjennomført av forskarar ved Veterinærinstituttet, viser positive resultat for havbruksnæringa.
– Normalt sett blir fiskeoppdrett drive i opne notposar som flyt i sjøen. Der er det fri flyt av vatn, inn og ut av systemet. Lakselusa oppheld seg stort sett i dei øvste meterane i vassøyla, så derfor har vi sett på kva som skjer når ein lukkar notposen, seier Eirik Biering, leiar ved Veterinærinstituttets seksjon for miljø og smittetiltak i Trondheim, til .
I studien brukte dei ein metode som tok vatnet inn frå 25 meters djup, for å unngå lakselusa. Det førte til at lusa blei borte.
Det er likevel framleis ein lang veg å gå før teknologiløysinga kjem på marknaden.
– Det er jo nokre utfordringar med dette systemet også. Vi må få til ei god vassutskifting, slik at fisken trivst, seier Biering. (©NPK)

Publisert: 30.09.2016 10:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44