Kort fortalt

Kan ikkje gøyme seg i Sveits

Sveits set sluttstrek for skjulte bankkontoar.

21.01.2016
(NPK-NTB): Noreg og Sveits er samde om at opplysningar om norske bankkontoar i Sveits frå 2018 av automatisk skal sendast til norske skattemyndigheiter.
Ei erklæring vart onsdag underteikna av Sveits' ambassadør Rudolf Knoblauch og finansminister Siv Jensen (Frp), skriv . Ho legg grunnlaget for den automatiske utvekslinga.
Går alt etter planen, blir det dermed slutt på å skjule pengar på hemmelege kontoar i Sveits.
Noreg har i dag ei amnestiordning der folk med skjulte pengar i utlandet frivillig kan melde dette inn til skattemyndigheitene. Dei må betale skatt for alle skjulte år med renter, men slepp tilleggsskatt. (©NPK)

Publisert: 21.01.2016 08:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48