NPK-NTB: Noreg kan spare 15 milliardar kroner årleg på å få sjukefråværet ned til svensk nivå. Det viser utrekningar gjennomført av NyAnalyse for Bedriftsforbundet.
– Då svenskane innførte ein karensdag og 80 prosent sjukeløn, blei korttidssjukefråværet halvert. Her i landet vil vi ikkje eingong ta ein diskusjon om dette, seier administrerande direktør Olaf H. Thommessen i Bedriftsforbundet til Dagsavisen.
Sverige har i dag eit sjukefråvær på 3,2 prosent, mens sjukefråværet i Noreg er på 6,4 prosent, ifølgje Bedriftsforbundet. I statsbudsjettet for 2017 er det sett av 36,6 milliardar kroner i sjukepengar.
Thommesen peiker på at det er påfallande at sjukefråværet blir 40 prosent høgare under vinter-OL.
– La oss for Guds skyld diskutere det. Og det bør vere mogleg med ordningar som ikkje rammer dei kronisk sjuke, seier han.
Bedriftsforbundet minner om som konkluderer med at 687.000 årsverk gjekk tapt i 2016 på grunn av sjukdom eller arbeidsløyse.
Neste år skal avtalen om eit inkluderande arbeidsliv frå 2001 bli fornya. Då bør sjukeløna bli diskutert, meiner Thommessen.

Publisert: 28.09.2017 12:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41