Kort fortalt

Kartleggjar havbotnen

Ser etter nye fiskefelt på Vestlandet

23.12.2015
(NPK): Med ein million kroner frå Regionalt forskingsfond Vestlandet skal selskapet Jørstad Marin kartleggje havbotnen i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Målet er å finne område som har gode forhold for reke- og krepsebestandar, og gjere ei vurdering av om dette kan utnyttast kommersielt, fortel . I eit forprosjekt har selskapet kartlagt havbotnen i kyst- og fjordområde i Hordaland, og dei har også prøvd ut ulike typar teiner. Arbeidet skal fortsetje i alle tre fylka i 2016, i samarbeid med forskarar frå Havforskingsinstituttet og frå Canada.
– I den grøne, globale bølgja med minimale fotavtrykk har teinefiske mange fordelar framfor trålfiske, seier dagleg leiar i selskapet Knut Erik Jørstad, som også er tidlegare forskar ved Havforskingsinstituttet. (©NPK)

Publisert: 23.12.2015 12:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49