Kort fortalt

Kartverket byr på gratis kart

Eit stort utval illustrasjonskart vert i desse dagar lagt ut til fri bruk på nettsidene til Kartverket.

21.02.2014
(NPK): Illustrasjonskarta vert lagt ut i fleire filformat som skal gjere det enkelt for folk flest å laste dei ned og tilarbeide karta, til dømes til bruk i ein presentasjon eller i ei skuleoppgåve.
I gratispakken ligg mellom anna Europa-kart, Nord-Europa, og ein serie noregskart delt inn i forskjellige tema som grenser, tettstader, skog og høgd, fylkeskart, Noregs maritime grenser og relieffkart.

Publisert: 21.02.2014 10:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21