Kort fortalt

Kinesarane halverer sjømat-tollen

- Fantastisk nytt, seier Per Sandberg.

06.12.2017
Kina sette 1. desember ned tollsatsane på fleire sjømatprodukt, opplyser.
Mellom anna er tollsatsen på fryst atlanterhavslaks halvert frå 10 til 5 prosent. Dette gjeld også fryst lodde og krabbe.
Tollsatsane for fryste reker vert kutta endå meir.
– Dette vil bety enormt mykje for både investeringslysta, teknologiutviklinga og for kor forutseieleg norsk fiskerinæring kan vere framover, seier Sandberg til E24.
Den norske lakseeksporten til Kina stig kraftig. Totalt vart det eksportert 774 tonn laks til Kina i november, det er nesten 500 tonn meir enn i september og oktober, opplyser Fiskeridepartementet.

Publisert: 06.12.2017 14:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40