Kort fortalt

Kiwi er størst i Noreg – forbi Rema

11.07.2023

(NPK-NTB): Ved utgangen av første halvår hadde Kiwi ein marknadsdel på 24,2 prosent, ein auke på 1,7 prosentpoeng. Kjeda har med det teke igjen Rema 1000.

Ifølgje E24 kjem dette fram i upublisert bransjestatistikk.

Rema hadde ein auke i del – på 0,4 prosentpoeng frå utgangen av 2022 til utgangen av juni i år. Andelen er no 23,9 prosent. Også Extra har framgang, med 0,5 prosentpoeng til 17,3 prosent, og er med det tredje størst.

Sjølv om Kiwi går fram, er eigar Norgesgruppens totale del uendra. Ifølgje E24 kjem dette mellom anna av fall i andel på 1,1 prosentpoeng for Meny.

(©NPK)

Publisert: 11.07.2023 10:41

Sist oppdatert: 11.07.2023 10:41

Mer om