Kort fortalt

Kiwi er største daglegvaren i landet

Har gått forbi Rema 1000.

07.03.2023

(NPK-NTB): Kiwi har gått forbi Rema 1000 og toppar no lista som Noregs største daglegvarekjede.

– Det er nesten så ein må klype seg i armen, og vi takkar kundane for tilliten dei viser oss, seier kommunikasjonssjef Kristine Arvin i Kiwi til Nettavisen.

Kiwi hadde rekordstor kundevekst i februar. Dermed auka marknadsdelen til 25,2 prosent. Samanlikna med februar i fjor er dette ein auke på 2,3 prosentpoeng. Det betyr at kjeda har gått forbi Rema 1000.

– 1. februar beviste vi tydeleg at vi er prispressaren i marknaden. Det gav ein kraftig, omgåande effekt på talet på kundar, seier Arvin.

I månadsskiftet frå januar til februar 2023 auka matprisane hos både Rema 1000 og Coop Extra. Kiwi valde å halde prisane nede, og begge dei konkurrerande kjedene snudde og gjekk tilbake til gamle prisar.

Daglegvareekspert i Alo Analyse Ivar F. Pettersen trur leiinga Rema 1000 misliker Kiwis framgang, og må finne ein måte å svare på.

(©NPK)

Publisert: 07.03.2023 08:45

Sist oppdatert: 07.03.2023 08:46

Mer om