MV Artania foto Wexcan Wikimedia Commons
TIL HAREID: Cruiseskipet MS Artania som her er avbilda i Trondheim, kjem til Hareid neste sommar. Foto: Wexcan – Wikimedia Commons
Kort fortalt

Kjem til Hareid med 1200 passasjerar

To cruiseskip har meldt om anløp neste år.

Marius Rosbach
05.03.2025

Arbeidet med å etablere Hareid som cruisehamn har ført til at to skip har meldt om anløp neste år, ifølgje ei melding frå Vekst i Hareid. 

Den 13. juni 2026 kjem MS Artania med plass til 1200 passasjerar, medan World Voyager med plass til 200 passasjerar kjem 29. juni. 

Dei neste vekene kjem også to agentar til Hareid og vil få eim smakebit på kva Hareid har å by på. 

– Vi som jobbar tett på cruisesatsinga vert meir og meir optimistiske med tanke på å få mange anløp til Hareid, og vi ser alle dei positive ringverknadane dette kan ha for det lokale næringslivet, seier prosjektleiar Christine Erdal for Vekst i Hareid på si eige nettside

Publisert: 05.03.2025 09:23

Sist oppdatert: 05.03.2025 09:23

Mer om