(NPK-NTB): Norske vindkraftkommunar fryktar store inntektstap og ber regjeringa skrinleggje forslaget om å avvikle eigedomsskatten på verk og bruk.
Denne veka vart det lagt fram planar om vindkraftinvesteringar for 11 milliardar kroner fordelt på seks anlegg i Trøndelag. Med skattereglane i dag vil det gi vertskommunane skatteinntekter på mange titals millionar kroner, skriv .
Men Landssammenslutninga av norske vindkraftkommunar (LNVK) fryktar at desse inntektene skal forsvinne dersom Finansdepartementet får gjennomslag for eit sendt ut i fjor sommar, der dei vil endre eigedomsskatten på verk og bruk, som vindkraftanlegg er omfatta av.
– Blir endringa gjennomført, betyr det slutten på nye vindkraftprosjekt. Utan eigedomsskatt frå vindkraftanlegga vil det vere lite interessant for kommunar å avstå grunn, seier Iver Nordseth, styreleiar i LNVK og tidlegare Smøla-ordførar, til Nationen.
Svært mange av høyringsuttalane har ifølge avisa vore negative til forslaget. Men Finansdepartementet har framleis saka til vurdering.
«Saka er til behandling i departementet. I høyringsnotatet blir det teke sikte på at eventuelle nye reglar vil kunne tre i kraft frå og med 2017», skriv Finansdepartementets kommunikasjonsavdeling. (©NPK)

Publisert: 25.02.2016 09:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48