Judicia
ÅLESUND: Advokatane i Judicia med sitt beste år sidan staten i fjor. Foto: Advokatfirmaet Judicia
Kort fortalt

Kjempeår for Ålesund-advokatar

Advokatfirmaet Judicia med solid inntening.

03.05.2023

Ålesund-selskapet omsette for 35,1 millionar kroner i fjor, som var solid ny rekord sidan oppstarten i 2015. Med unntak av oppstartsåret, har selskapet hatt tosifra resultat før skatt. I fjor vart det ny rekord der ein passerte for første gong 20 millionar kroner.

Judicia opplyser på si heimeside at ein siste åra har satsa spesielt på å bistå byggherrar, entrepenørar og rådgivarar i bygg- og anleggsbransjen, og viser til at det er nok av tvistar spesielt i oppstarten av prosjekt.

Selskapet har eiga trainee-ordning, der jusstudentar får arbeidsopphald, og ein er ein av hovudsamarbeidspartnerane til Næringsforeningen Ålesundsregionen og Byggebørsen.

Selskapet sysselsette 15 årsverk i fjor, og har ein samla eigenkapital på 14,2 millionar kroner.

Eigarar er – med like mykje aksjar – Anders Svinø, Reidar Andresen, Håkon Rasmussen, Trond Svinø, Øystein Vartdal Riise og Thomas Albertsen.

Advokatfirmaet Judicia
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driiftsinntekter 35,1 28,1
Driftsresultat 20,5 17,1
Resultat før skatt 20,6 17,1

Publisert: 03.05.2023 08:20

Sist oppdatert: 03.05.2023 08:21

Mer om