Ola Borten Moe
Ola Borten Moe er ferdig i rikspolitikken, og har fått ny jobb. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Kjernekraft for Borten Moe

Blir prosjektdirektør i Norsk Kjernekraft.

10.12.2025

NPK-NTB: Tidlegare Sp-statsråd Ola Borten Moe startar i ny jobb som prosjektdirektør i Norsk Kjernekraft ved årsskiftet.

– Vi gler oss til å ha med Ola Borten Moe på laget, seier leiar Jonny Hesthammer i Norsk Kjernekraft til E24.

Moe seier han er takksam for å få vere med og at han gler seg til å igjen få jobbe med norsk energi.

– Svaret i samfunnet på å løfte samfunnet har alltid vore meir energi og meir industri. Noreg er no i ein defensiv diskusjon om korleis vi skal nytte ressursane vi allereie har. Det er ikkje eit bra utgangspunkt. Vi må gjere kaka større og utvikle oss inn i framtida, seier han til E24.

Moe, som har vore både energiminister og forskings- og høgare utdanningsminister, varsla allereie i 2023 at han ville forlate rikspolitikken etter valet i år.

Han gjekk av som forskings- og høgare utdanningsminister i juli 2023 fordi han hadde kjøpt aksjar i selskap han behandla kontraktar for i regjering. Det dreidde seg om aksjar i Kongsberg-gruppa. Han har sete som stortingsrepresentant for Senterpartiet fram til valet i år.

Publisert: 10.12.2025 12:13

Sist oppdatert: 10.12.2025 12:13