Kjølstrekk for Ulstein-designa skip
Skipa skal serve kinesiske vindparkar.
Onsdag vart det halde kjølstrekkseremoni ved ZPMC-verftet for dei første serviceoperasjonsskipa (SOV-ane) til vindparkar i Kina, skriv Ulstein Verft i ei pressemelding.
Dei to fartøya er av Ulstein sine design SX195 og SX197 og er bestilte av Shanghai Electric. Leveringa er planlagt til høvesvis slutten av 2023 og tidleg i 2024.
Kina sitt første SOV-prosjekt femner om to ulike design, men der begge har skroglinjeformene X-bow og X-stern. Skipa kan romme høvesvis 60 og 100 personar og gjer Shanghai Electric i stand til å tilby kundane svært effektive, robuste og topp moderne fartøy til drift og vedlikehald av vindparkane. Det er lagt vekt på optimalisert driftskapasitet, økonomi og yteevne i skipsdesigna.
Med batteri installerte vil fartøya gi reduserte utslepp i arbeidet sitt med å betjene fornybar energi-marknaden, vert det opplyst i pressemeldinga.
Brennestarten til dei to skipa var den 15. september 2022
Publisert: 01.12.2022 12:59
Sist oppdatert: 01.12.2022 13:03