NPK: To av tre innbyggjarar i Sogn og Fjordane seier nei til ei samanslåing med Hordaland, viser ei undersøking Sentio har gjort for NRK, Firda Tidend, Fjordingen, Fjordabladet og Fjordenes Tidende.
Berre 29 prosent svarte ja på spørsmålet om Sogn og Fjordane bør bli eit storfylke. 64 prosent sa nei.
Skepsisen er størst i indre Sogn, der 75 prosent seier nei til fylkesfusjonen. Folk i Sunnfjord er mest positive til å flytte fylkesgrensene med 38 prosent ja til storfylke, skriv NRK.
Mens Senterparti-veljarane peika seg ut som dei minst samanslåingsvennlege med ein nei-prosent på 81, var Høgre-veljarane dei mest positive. Blant Høgre-veljarane støttar 57 prosent eit storfylke, mens nei-gruppa utgjorde 42 prosent.

Publisert: 07.09.2017 20:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41