Rev Ocean Vartdalsfjorden foto Ogne
UTE PÅ TUR: Rev Ocean har vore på prøvetur ein rekke gonger i fjordane på Nordvestlandet. Her er skipet fotografert på tur i Vartdalsfjorden førre veke. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Klar til å vise fram Røkke-yachten

Ber inn til omvising på superskipet Rev Ocean.

Marius Rosbach
03.02.2025

Etter at eit pressebesøk om bord på Rev Ocean-skipet er utsett fleire gonger, er Vard klare til å vise fram fartøyet. 

Pressa er invitert om bord på skipet ved Søviknes-verftet onsdag 12. februar. Då blir det omvising og sjansen til intervju med involverte. 

Kjell Inge Røkke har tinga skipet som er eit kombinert forskingsskip og yacht, som skal vere eigd av selskapet  Rosellinis Four-10. 

Skroget kom til Vard Brattvåg i 2019, og skulle etter opphavleg plan vore levert frå Vard i 2020.  

Etter fleire år med forseinkingar og ueinigheiter mellom Vard og Røkke, ligg det an til at skipet kjem i drift drygt fem år etter den opphavlege tidsplanen.

Rev Ocean låg allereie an til å bli verdas største yacht med sine 183 meter – og er no forlenga 12 meter

Publisert: 03.02.2025 15:23

Sist oppdatert: 03.02.2025 15:23

Mer om