Kort fortalt

Klart borgarleg fleirtal i skulevalet

Høgre og Frp med til saman 41,4 prosent av stemmene.

05.09.2023

(NPK-NTB): Høgre får 21,9 prosent og Frp 19,5 prosents oppslutning blant elevane i landet i vidaregåande skular. Arbeidarpartiet fell kraftig tilbake til 17 prosent.

Tala er baserte på landsgjennomsnittet av stemmer avlagt ved 391 vidaregåande skular som har vore påmelde skulevalet i år. Skulevalet svarer til fylkestingsvalet, og elevane kan stemme på parti som stiller liste i fylket som skulen vil tilhøyre 1. januar 2024.

Høgre får 8 prosentpoeng høgare oppslutning enn ved skulevalet før kommune- og fylkestingsvalet i 2019. Framstegspartiet går heile 11,4 prosentpoeng fram samanlikna med skulevalet for fire år sidan og pustar Høgre i nakken med 2,4 prosentpoeng lågare oppslutning.

Arbeidarpartiet fekk 26,5 prosents oppslutning blant elevane i 2019. Denne posisjonen har partiet ikkje behalde, men rasa ned til 17 prosents oppslutning, eit fall på heile 9,5 prosentpoeng. Senterpartiet får ei oppslutning på 6 prosent, mot 8,1 for fire år sidan.

Også Miljøpartiet Dei Grøne, som fekk heile 10,1 prosentpoeng ved valet i 2019, fell stygt i oppslutning frå skuleelevane i landet. Med berre 3,8 prosent av stemmene hamnar partiet under sperregrensa.

Venstre går 0,7 prosentpoeng tilbake samanlikna med resultatet frå 2019, og endar med 9,4 prosent av stemmene.

KrF hamnar under sperregrensa med 2,8 prosents oppslutninga, men det er likevel ei svak auka oppslutning på 0,5 prosentpoeng frå 2019.

Til saman har dei borgarlege partia 53,1 prosents oppslutning blant landet elevar i vidaregåande skule.

SV er det einaste partiet på venstresida som kan vise til framgang med 11,1 prosent av stemmene, mot 9,8 prosent i 2019.

Publisert: 05.09.2023 19:16

Sist oppdatert: 05.09.2023 19:16

Mer om