Kort fortalt

Klimasøksmål i Strasbourg utsett

Klaga inn den norske staten.

10.10.2022

(NPK-NTB): Behandlinga av det norske klimasøksmålet blir utsett av Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, ifølgje klimaorganisasjonane.

Greenpeace og Natur og Ungdom, som er blant partane, varslar i ei pressemelding at EMD først skal behandle ferdig tre andre klimasaker.

– Det er positivt at domstolen ønskjer å slå fast kva overordna ansvar statar har for å vareta menneskerettane i møte med klimakrisa gjennom dei tre andre sakene. Utfallet av desse vil derfor vere viktig også for behandlinga av vår sak, seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom.

Natur og Ungdom, Greenpeace og seks unge aktivistar klaga i juni i fjor inn den norske staten for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) etter å ha tapt klimasøksmålet i Høgsterett i desember 2020.

Klagarane meiner at det strir mot grunnleggjande menneskerettar å opne for norsk oljeboring i Barentshavet under ei klimakrise.

Saker frå miljøvernarar i Portugal, Sveits og Frankrike skal behandlast før den norske.

(©NPK)

Publisert: 10.10.2022 09:57

Sist oppdatert: 10.10.2022 10:00

Mer om