Kort fortalt

Klinge kritisk til kosthaldsråd

Meiner matberedskapen er trua.

05.04.2023

(NPK-NTB): Ei nordisk ekspertgruppe tilrår at vi skal ete mindre raudt kjøtt. Senterpartiets Jenny Klinge er kritisk til dette.

Ifølgje Aftenposten vart eit utkast til tilrådingar til nye nordiske kosthaldsråd sendt på høyring frå Helsedirektoratet før helga.

Klinge, som sit på Stortinget for Senterpartiet, er svært kritisk. Ho meiner utkastet til råd vil true norsk matberedskap. Ho meiner også at det er norsk mat som gir berekraft.

– Dersom alle skal ete importerte belgfrukter, avokadoar og mandlar, endar vi opp med det stikk motsette av berekraft, seier Klinge.

I utkastet heiter det mellom anna at ein av helsegrunnar ikkje bør ete meir enn 350 gram raudt kjøtt i veka – og at inntaket ut frå eit berekraftsperspektiv bør vere vesentleg lågare. I dag er det offisielle rådet inntil 500 gram per veke.

Rune Blomhoff er professor i ernæring ved Universitetet i Oslo og leiar den nordiske ekspertgruppa.

– Det vil ikkje vere rett for oss å gå inn i ein politisk debatt no, seier han til Aftenposten.

(©NPK)

Publisert: 05.04.2023 10:47

Sist oppdatert: 05.04.2023 10:50

Mer om