25-30 tilsette ved klippfiskbedrifta Johan Giskeødegård i Giske blir permitterte etter ein brann i helga, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Eigar Ted Robin Endresen frykta først at det kunne vere skadar for fleire millionar kroner etter brannen som starta i ein truck.
– Skadane på fisken er ikkje så store som ein trudde først, seier han til kanalen.
Han håpar at dei tilsette kan vere i arbeid innan to-tre veker.
Publisert: 17.02.2026 13:41
Sist oppdatert: 17.02.2026 13:41






