Kort fortalt

Konferanse om bruk av sjøareal

Fylket inviterer til konferanse om planlegging i sjø og det marine kunnskapsgrunnlaget i november.

Kristin Vidhammer
18.09.2017
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til konferanse om planlegging i sjø og det marine kunnskapsgrunnlaget i Molde 14. – 15. november 2017.
Tema for konferansen er planlegging i sjø og det marine kunnskapsgrunnlaget. Det er fleire motstridande interesser når det gjeld bruken av sjøareala. Ein god og avklarande arealplan kan dempe konfliktar. Nasjonale mynder har målsetnad om vekst i marine næringar innanfor berekraftige rammer. Kva for kunnskap og verkemiddel treng private og offentlege aktørar for å utvikle sjøområda vidare?
Møre og Romsdal ønskjer å leggje til rette for ein arena der offentlege og private verksemder kan få den nyaste kunnskapen og dele erfaringar om kva som skal til for ei berekraftig utvikling av areala.
Les programmet

Publisert: 18.09.2017 14:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41