Kort fortalt

Kongekrabben går sørover

Fiskarane er uroleg for at kongekrabben spreier seg.

07.12.2015
(NPK): Kongekrabben vert oppdaga stadig lenger sør og fiskarane i nord er urolege. Den russiske krabbearten er funne både i Altafjorden og i Troms.
– Det er dårleg nytt at fiskarane i Altafjorden har fått garna fulle av kongekrabbe, seier leiar i Tromsø fiskarlag, Paul Olaisen til NRK.
– Om eitt år eller to er han vel også i Kvænangen, og så breier han seg vestover i heile Troms. Han kjem vel til å overta heilt, meiner Olaisen
Seniorforskar ved Havforskingsinstituttet Jan Sundet stadfestar at kongekrabben også er funne i Troms. Faktisk så langt sør som i Balsfjorden.

Hjelp på vegen?

Sundet fortel at det også er oppdaga krabbeyngel i Balsfjord, og han trur det er fordi krabben har fått hjelp.
– Vi trur rett og slett nokon har tatt med seg krabbe og sett ut i Balsfjord. Derfor er han akkurat der og førebels ikkje i fjordane lenger nord i Troms, som Kvænangen og Lyngen, seier han.
Ein krabbe med rogn er nok til å danne grunnlag for ein ny bestand. (©NPK)

Publisert: 07.12.2015 12:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49