Kort fortalt

Konkurs etter ti år

Oppbod for byggefirma.

Marius Rosbach
17.10.2022

Byggfirmaet Bjørnes Bygg i Stranda har meldt oppbod etter ti år i bransjen. Møre og Romsdal tingrett opna før helga konkurs i selskapet.

Byggfirmaet med adresse i Stranda har slitt økonomisk dei siste åra. Etter ei omsetning på mellom seks og drygt åtte millionar i 2017-2019, stupte inntektene i 2020 og 2021.

Tapt eigenkapital
I årsrapporten for fjoråret viser leiinga til at eigenkapitalen er tapt, og at styret gjer ei løpande vurdering om det er forsvarleg med vidare drift.

På det tidspunktet ønska ikkje leiinga å gjere noko som medførte risiko for tap for aksjonærar eller kreditorar, og meinte å ha nok midlar til å dekke den eksterne gjelda på kring 16.000 kroner.

Øvrig gjeld då var lønn og feriepengar til aksjonærar, skreiv styret i rapporten.

Beskjeden gjeld
Då selskapet melde oppbod førre veke, var gjelda på 52.000 kroner, ifølgje Sunnmørsposten.

Det skal ikkje vere andre verdiar enn ei tomt som ikkje skal vere bebyggeleg, opplyser Anders Svinø til avisa.

Første skiftesamling er 21. november.

Publisert: 17.10.2022 08:45

Sist oppdatert: 17.10.2022 08:48

Mer om