Sunnmøre tingrett foto ogne
OPPBOD: Sunnmøre Assuranse i Ålesund melde oppbod. Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Meiner ulovleg lån var årsak til konkurs

Bustyrar har orientert skattestyresmaktene etter at forsikringsselskap gjekk over ende.

Marius Rosbach
06.10.2022

Bustyrar Christian Garmann meiner eit lån gitt til eit styremedlem er årsaka til at selskapet Sunnmøre Assuranse gjekk konkurs.

Det kjem fram i ei beretning frå bustyraren til Møre og Romsdal tingrett.

Melde oppbod i sommar
Det var i juli Sunnmøre Assuranse i Ålesund melde oppbod etter å ha fått økonomiske problem.

Konkursbehandlinga er no innstilt fordi midlane i buet ikkje kan dekke dei vidare kostnadene.

Forsikringsselskapet blei starta i 2017 og selde forsikringar for Tryg frå leide lokaler i Ystenesgata. Talet på tilsette varierte mellom fem og ti personar.

Ulovleg lån
I rapporten til tingretten peiker bustyrar Christian Garmann på eit ulovleg lån til tidlegare dagleg leiar på knapt 680.000 kroner, som blei gitt tilbake i 2017.

Han meiner dette er den eigentlege årsaka til konkursen, og viser til at det hadde vore overdekning i buet, om lånet vart innfridd.

Garmann påpeiker at lånet verkar vere gitt i staden for vanleg lønn, og at det var teke ut beskjedne inntekter til dagleg leiar. Det er ikkje betalt skatt på lånet, og bustyrar har difor orientert skattestyresmaktene.

Mista Tryg-avtale
Ifølgje bustyrar har rekneskapen som følgje av lånet, har vore misvisande. Med små utsikter til å få pengane tilbakebetalt, meiner bustyrar at firmaet i realiteten har vore insolvent sidan 2018.

Noverande styreleiar tok over som eineeigar mot slutten av det året, og har opplyst at firmaet blei drive vidare med mål om å inndrive lånet til tidlegare dagleg leiar.

Etter at firmaet sommaren 2021 ikkje lengre hadde noko avtale med Tryg, falt grunnlaget for verksemda vekk.

Fekk koronatrøbbel
Det siste offentlege rekneskapet er frå 2020. Årsrapporten viser ei omsetning på kring 4,2 millionar kroner og eit overskott før skatt på drygt 200.000 kroner.

Her kjem det også fram at selskapet ikkje fekk utført jobben på vanleg måte etter at koronapandemien slo til. Leiinga viser også til at det hadde vore vanskeleg å rekrutterer nye seljarar.

Publisert: 06.10.2022 09:10

Sist oppdatert: 06.10.2022 09:12

Mer om