rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Konkurs nummer 31 i byggebransjen

Nytt selskap over ende med milliongjeld etter fem av dei ti siste åra gjekk med underskot.

Marius Rosbach
14.09.2022

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Nordvest Bygg og Interiør. Det var leiinga som melde oppbod for selskapet med adresse i Hjørungavåg i Hareid.

Ifølgje rettspapira er det opplyst at gjelda i selskapet er på 1,1 millionar og verdiane på kring 300.000 kroner.

Bedrifta som seinast i 2020 hadde selskapet åtte årsverk i arbeid, hadde ikkje lengre tilsette då dei melde oppbod – og verksemda var innstilt.

Bygg- og anlegg toppar statistikken
Hareid-bedrifta er det siste i ei rekke bygg- og anleggsfirma, som har kasta inn handkleet i bransjen i år.

Det er opna konkurs i heile 31 bedrifter innan desse næringane i Møre og Romsdal i 2022. Det utgjer framleis kring ein tredel av alle konkursane i fylket.

Så langt i år er det opna 109 konkursar i Møre og Romsdal. På same tid i fjor var det opna 90 konkursar, viser tal frå Brønnøysundregistera.

Fem av ti år med underskot
Nordvest Bygg og Interiør har dreve med oppføring av bygningar og blei starta i 2000. I fem av dei siste ti åra har byggefirmaet gått med underskot, viser reknskapa som er levert til Brønnøysund.

Rekneskapen enda med underskot også i 2018, men både 2019 og 2020 viste sorte tal på botnlinja.

NETT NO har ikkje oppnådd kontakt med bustyrar Mari-Vik Slettvoll for ein kommentar om årsaka til at selskapet gjekk over ende.

Inntektene stupte i 2020
I fleire år hadde selskapet ei omsetning kring 15 millionar, men i 2020 stupte inntektene. Det året enda med ei omsetning på ni millionar kroner.

Ved utgangen av det året påpeika leiinga i årsrapporten at det var vesentleg usikkerheit knytt til framleis drift i selskapet og at eigenkapitalen var negativ.

– Leiinga i selskapet har i heile 2020 drifta selskapet med tanke på å betre den økonomiske situasjonen, heitte det.

Etter at drifta var gjennomgått og det var redusert kraftig i personalkosnader, meinte leiinga at det var forsvarleg å drive vidare.

Publisert: 14.09.2022 14:26

Sist oppdatert: 14.09.2022 14:41

Mer om