rettssal illustrasjon foto marius 11
KONKURS: Fjell og Graveservice i Ørsta som blei starta i 2011 har meld oppbod til tingretten. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Konkurs for Ørsta-entreprenør

Melde oppbod med milliongjeld.

Marius Rosbach
15.10.2024

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i entreprenørfirmaet Fjell og Graveservice i Ørsta. 

Verksemda var innstilt og det var ikkje tilsette i firmaet, ifølgje rettspapira. 

Der kjem det også fram at selskapet hadde gjeld på om lag tre millionar kroner. Verdiane i form av maskinar, verktøy og varelager har vurdert å ha ein verd på kring 1,5 millionar. 

Selskapet blei starta i 2011, og har utført tenester som graving, sprenging og transport for private og det offentlege, ifølgje heimesida. 

Inntektene har dei siste tre åra svinga mellom 7,6 og 12 millionar kroner. Eigenkapitalen var tapt ved utgangen av 2022, og selskapet har ikkje levert rekneskap for 2023. 

Bustyrar i saka er Jørund Knardal og første skiftesamling er 19. november. 

Publisert: 15.10.2024 18:05

Sist oppdatert: 15.10.2024 18:05

Mer om