Nordmøre og Romsdal tingrett opna torsdag konkurs i Molde-selskapene Asia Marked Piri og Bilutleie 1 Norge.
Sistnemnte har dei siste åra omsett for drygt sju millionar kroner, men har tidlegare hatt betydeleg høgare omsetning.
Eigenkapitalen var i minus etter 2023-rekneskapet og det er ikkje levert rekneskap for fjoråret. Det var styret sjølv som melde oppbod til tingretten.
Asia Marked Piri har drive matbutikk i Fannestrandvegen og omsett for kring fire millionar kroner årleg. Firmaet blei starta i 2019.
Publisert: 06.11.2025 19:48
Sist oppdatert: 06.11.2025 19:48





