Kort fortalt

Konkurs for Spjelkavik-butikk

Slutt etter skattekrav.

Marius Rosbach
26.09.2023

Møre og Romsdal tingrett opna måndag konkurs i Prima Shop As i Ålesund. Bakgrunnen var krav frå skatteetaten på nær 160.000 kroner, ifølgje rettspapira.

Prima Shop har stått for drifta av butikken med same namn, som har selt mat, frukt og grønt frå lokalar i Spjelkavika i Ålesund.

Selskapet blei starta i 2021 og har berre levert rekneskap for oppstartsåret. Det viste inntekter på drygt 200.000 kroner og eit underskot på meir enn 360.000 kroner.

Øystein Remme er bustyrar i saka og første skiftesamling er planlagt 30 oktober.

Publisert: 26.09.2023 11:52

Sist oppdatert: 26.09.2023 11:52

Mer om