Egil Sundet foto Marius Bjorkedal 11
HAR SNUDD: Egil Sundet i Norsk Industri får positive tilbakemeldingar frå møbelindustrien. Foto: Marius Bjørkedal.
Nytt

Bransjeoversikt: Botnen passert i møbel

Minus for to av tre møbelprodusentar i fjor. I år trur Egil Sundet i Norsk Industri resultata blir «mykje betre».

20.08.2025

NETTNO-barometeret

Både 2023 og 2024 blei trasige år for møbelfabrikkane. 

Inntektene fall og bransjen gjekk i minus. Av 18 møbelprodusentar i Nett No si oversikt hadde 12 underskot i 2024 og 13 underskot i 2023.

  • Sjå tabell lenger nede i artikkelen

Sundet har hovedansvaret for oppfølging av designindustrien - medrekna møbelfabrikkane - og tekobransjen i Norsk Industri.

Han seier det ikkje er tvil om at fabrikkane hadde dårlege år i 2023 og 2024. Samstundes var det ikkje overraskande etter ein veldig oppsving i etterspørselen då koronapandemien kom i 2020. Med pandemien kom reiserestriksjonar, og folk brukte pengar på oppussing og nye møblar i staden for reiser.

Armar og bein
Omslaget i negativ lei for møbelfabrikkane byrja å vise seg allereie seinsommaren 2022.

2023 vart prega av mykje «armar og bein» for å handtere nedturen i salet, ifølgje Sundet. 

I 2024 byrja det å flate ut, og mot slutten av året tok etterspørselen seg opp igjen. Tilbakemeldingane Sundet får frå bransjen er trenden held fram i år. Det stemmer med tal som viser at møbeleksporten aukar.

– Det vil bli mykje betre, seier Sundet om resultata til møbelprodusentane i år.

Ole Havard Stavseng Stordal Mobel foto Marius
KONKURS: Ole Håvard Stavseng i Stordal Møbler måtte gi opp drifta i løpet av fjoråret. Eit nytt selskap blei starta i kjølvatnet av konkursen. Foto: Marius Rosbach

To gjekk over ende 
To møbelprodusentar på Sunnmøre gjekk overende under nedturen etter koronapandemien, begge i den tidlegare møbelbygda Stordal. 

Sitwell melde oppbod i juni 2024, Stordal Møbler melde oppbod i april i år.

Hos Sitwell vart det ikkje starta ny drift. I kjølvatnet av Stordal Møbler er det starta eit nytt selskap med eigarar frå Estland. Dei skal produsere vidare - som den einaste møbelprodusenten att i det som tidlegare blei kalla «stolbygda»

  • Les om resultata til møbelbutikkane under
Møbelprodusentane på Nordvestlandet    
Tal i mill. Kroner    
K = Konsern    
     
     
 Driftsinntekt Res.f. skatt 
 2024202320242023
Ekornes QM Holding as (K)3819,04219,0-62,7-143,8
Slettvoll Møbler as (K)364,6361,12,5-3,1
Wonderland364,5309,9-7,4-8,9
Fora Form as146,2176,90,43,4
Langlo as90,4112,9-2,5-3,2
Brunstad 105,399,5-11,6-10,2
Helland Møbler as71,282,41,0-0,9
L K Hjelle Møbelfabrikk as51,548,10,2-1,9
Formfin as43,937,0-4,4-5,0
Hovden Møbel  as26,831,00,0-1,4
Vad as27,526,10,50,9
Nesje as13,316,6-4,2-2,5
Fjordfiesta Furniture as11,914,8-1,2-0,1
Rovde Møbel & Design as10,513,4-0,80,6
Feel Free Production9,210,3-0,50,0
Stjernemadrassen6,89,1-0,7-0,3
Tonning & Stryn9,19,0-0,3-0,1
Jarnes Møbler as5,14,8-0,10,0
     
SUM

5176,8

5581,9

-91,8

-176,5

     
K= konsern    
Stordal Møbel asKonkurs i april47,8 -4,2

Auka inntektene - halvparten i minus
Medan inntektene fall for møbelprodusentane fra 2023 til 2024, steig dei for møbelbutikkane på Nordvestlandet. 

Lønsemda vart derimot redusert og åtte av 16 møbelforhandlarar i Nett No si oversikt gjekk med underskot i 2023. I 2023 gjekk fem forhandlarar i minus.

Sjå resultatoversikt for møbelbutikkane under

Også i denne delen av møbelbransjen har selskap måtte kaste inn handkleet eller vald og avvikle. 

Møbelsenteret Vestnes melde oppbod i juli i år. Møbelringen Blindheim som dreiv Møbelringen-butikk i Breivika gjekk til skifteretten i mai.

Karl Sunde Møbler og Utstyr på Nordfjordeid har drive både med møbel og målarforretning, men avvikla møbelverksemda tidlegare i år. 

Samstundes har det kome til nye aktørar. 

Ei gruppe møbelhandlarar i Møbelringen-kjeda etablerte eit nytt selskap og opna ny Møbelringen-butikk i Breivika tidegare i sommar. 

Den nye butikken ligg i same lokale som den tidlegare Møbleringen-butikken, med Bohus og Skeidar som naboar. I år har også Fagmøbler flytta til Breivika-området, frå sine tidlegare lokale i Spjelkavika.

Bohus gjorde comeback i Ørsta/Volda med opning av ny butikk i Furene i april 2024.

Mobelringen i Alesund ny start 2025 fv dgl Stian Doving Andreas Pinnerod Even Voldoen bjorn Tidemand Johannessen Terje Mork Jan Krogsrud foto Ogne 1
NY START: Etter konkursen selskapet Møbelhuset Blindheim, som dreiv Møbelringen-butikk i Breivika kom nye eigarar på banen, pussa opp og opna ny Møbelringenbutikk i dei same lokala. Frå venste dagleg leiar Stian Døving saman med eigarane Andreas Pinnerød, Even Voldøen, Bjørn Tidemand Johannessen, Terje Mork og Jan Krogsrud. Foto: Ogne Øyehaug
Møbelbutikkar på Nordvestlandet    
Tal i mill. kroner    
(Kjedetilknyting og/eller adresse i parantes om det ikkje går fram av namnet)   
     
     
 Driftsinntekter Resultat før skatt
 2024202320242023
     
Bohus Ålesund as82,585,910,010,8
Skeidar Ålesund as60,754,5-1,80,1
Bohus Løding as (Molde)40,538,91,3-0,3
Skeidar Molde as32,326,4-0,6-0,7
Møbelhuset Ørsta as (Møbelringen)27,528,34,25,6
Gangsø Eftf as (Fagmøbler, Kinn)24,517,71,11,0
Karl Sunde Møbler og Utstyr as (Stad)*24,123,13,42,7
Slettvoll Ålesund as24,015,31,3-0,4
Harald Viken as (Møbelringen, Fræna)20,824,30,02,2
Øyehol Varehus as (Møbelringen, Ulstein)18,719,30,61,2
Møbler & Miljø as (Ålesund)16,818,20,10,2
Skeidar Ørsta as13,515,4-2,4-1,4
Boland Vika as (Fagmøbler, Ålesund)10,512,0-0,4-0,2
Olsen Møbler as (Fagmøbler, Molde)9,610,8-1,00,5
Møbelsenteret Vestnes as**6,68,1-1,10,0
Sandane Møbel as (Møbelringen)6,36,3-0,1-0,5
Bohus Furene as

19,8

 

-0,6

 
     
SUM438,7404,514,620,8
     
*Omfattar både møbel- og målarforretning. Har avikla møbelverksemda i selskapet i år  
Møbelhuset Blindheim asOpna konkurs i mai i år.24,314,0-0,5
** Møbelsenteret Vestnes melde oppbod i juli i år   
***Bohus Furen i Volda opna i april 2025. Driftsinntektene var   

Publisert: 20.08.2025 05:00

Sist oppdatert: 10.11.2025 18:31

Mer om