Fedog Gamlem Kleven Green Yard Kleven nybygg okto 24 foto Marius
NYBYGG: Konsernsjef Hans Jørgen Fedog og salssjef Rune Gamlem ved Green Yard Kleven då dei annonserte sitt første nybygg i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Dobla inntektene på ombygging og nybygg

Kleven-verftet held koken, men hadde mindre å gjere med resirkulering i fjor.

Marius Rosbach
19.08.2025

Eit nybygg og fleire oppdrag med ombygging gjorde at Green Yard Kleven fekk ein solid opptur i fjor. 

Omsetninga blei dobla - som Nett No melde i vinter – og lønnsemda auka frå året før. Det kjem fram i det ferske årsrekneskapen til verftet i Ulstein. 

Driftsinntektene til verftet auka frå 275 til 552 millionar kroner frå 2023 til 2024. Samtidig blei overskotet før skatt betre eit par hakk frå drygt 10 til 13,3 millionar kroner (sjå tabell under).

Green Yard Kleven   
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt552,7275,8
Driftsresultat15,215,7
Resultat før skatt13,310,5

Nedgang for resirkulering
Årsmeldinga viser at oppdrag med ombygging av båtar stod for om lag halvparten av inntektene. Det første nybygget etter at Green Yard kom inn som eigarar av verftet, sikrar neste like mykje av inntektene i fjor. 

Arbeidet er starta opp og skipet skal leverast til rumenske energiselskapet OMV Petrom i 2026.  

Inntektene frå marknaden for resirkulering sank samanlikna med året før, og utgjorde knappe fem prosent av fjorårets omsetning.

Reknar på fleire oppdrag for ombygging
Resultatet til verftet på Sunnmøre bidreg solid til konsernrekneskapen. 

Green Yard Group hadde eit underskot før skatt for 2024. Medrekna «andre resultatkomponenter for IFRS-foretak» på drygt 24 millionar kroner, endar totalresultatet likevel opp på 22,9 millionar kroner i pluss.

Green Yard Kleven hadde 70 tilsette i arbeid i løpet av fjoråret. 

Styret skriv i årsmeldinga at dei har ein tilfredsstillande pågang med oppdrag til marknaden for ombygging framover, og at salsavdelinga reknar på stadig fleire prosjekt. 

Oppsving i marknaden for offshore, gir ein viss optimisme med tanke på nye kontraktar, heiter det vidare. 

Green Yard Group  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt612,7329,4
Driftsresultat9,511,2
Resultat før skatt-1,9-4,3
Totalresultat 22,920,4

I den første versjonen av denne saka var ikkje totalresultatet for konsernet teke med, noko som gav eit misvisande bilde av økonomien. Saka blei oppdatert 19. august kl. 22.02

Publisert: 19.08.2025 18:56

Sist oppdatert: 19.08.2025 22:02

Mer om