Kort fortalt

Konkurs for transportselskap

Slutt etter krav fra skatteetaten.

Marius Rosbach
09.01.2023
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Tekali Transport i Ulsteinvik.

Bakgrunnen for konkursen, er krav frå skatteetaten på kring 415.000 kroner, ifølgje rettspapira.

Ingen frå selskapet møtte i tingretten måndag, og sist skatteetaten var i kontakt med eigaren, var sommaren i fjor. Innkallinga er likevel lovleg forkynt i november.

Firmaet blei registrert i januar 2021. Sidan er det ikkje registrert tilsette, eller levert inn rekneskap.

Bustyrar i saka er Linda Brevik og første skiftesamling er planlagt 27. februar.

Publisert: 09.01.2023 15:59

Sist oppdatert: 09.01.2023 16:01

Mer om