NPK: Optimismen er på veg tilbake til oljebransjen, meiner konserndirektør Harald Serck-Hanssen i DNB. Han er likevel klar på at ikkje alle delar av næringa har det like lett.
– Botnen er passert når det gjeld aktivitetsnivå, det trur eg ikkje det er nokon tvil om, seier Serck-Hanssen til
Han har god kjennskap til mange av aktørane i oljenæringa sidan dei er kundar hos DNB og ser ein aukande aktivitet.
Konserndirektøren peikar på at det både i Noreg og internasjonalt skal gjerast mykje i åra framover, og at det vil vera behov for både riggar og supplybåtar.
Men samtidig som det har vore etterspurnad etter nye riggar og utstyr, peikar han på at det framleis ligg mange supplybåtar i opplag. Ifylgje opplagsregisteret til nettavisa er dette statusen for 143 norske offshoreskip.
Konsernsjefen i DNB ser ikkje bort frå at det vil by på utfordringar å få supplybåtane og dei eldre riggane ut av opplag og i aktivitet igjen.

Publisert: 18.01.2018 12:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40