Kontrakt for Lefdal Mine Datacenter
Skal arbeide for foskingsmiljøa i Noreg.
Dei gamle gruvene i Lefdal mellom Måløy og Nordfjordeid har blitt omgjorde til datasenter. Her skal superdatamaskiner arbeide for forskingsmiljøa i Noreg.
– Behovet for reknekapasitet og lagringstenester er stadig aukande. Dette datasenteret vil vere viktig for å støtte infrastruktur til forsking, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) til NRK.
Ifølgje Kunnskapsdepartementet har kontrakten ein verdi på fleire titals millionar kroner.
Allereie i 2022 vil det nasjonale lagringssystemet Nird flytte inn. Den første superdatamaskina er forventa på plass i gruvene i løpet av 2023.
Jørn Skaane er administrerande direktør i Lefdal Data Minecenter og seier han er fornøgd med kontrakten.
– Dette vil syte for nye tilsette i verksemda vår og ha ringverknadar på lokalt næringsliv. Det er motiverande å vinne eit anbod av ein slik storleik, seier Skaane.
Publisert: 05.11.2021 15:48
Sist oppdatert: 05.11.2021 15:50