Folkemote formuesskatt Mjolstadneset oversikt foto Marius 2
NYTT FOLKEMØTE: Fredag 22. august blir det arrangert eit folkemøte om formuesskatten i Horisont-bygget i Herøy. Her frå eit tidlegare folkemøte om temaet same stad. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sjå sending frå folkemøte om formuesskatt

Samlar politikarar og ekspertpanel i Herøy på fredag.

20.08.2025

Ein rekke av landets fremste ekspertar kjem fredag 22. august til eit folkemøte om formuesskatten ved Horisont-bygget i Herøy.

Nett No sender direkte frå møtet som startar kl. 17. Sendinga kan du sjå her i denne artikkelen (sjå videovindu under).

Primus motor for arrangementet er Lars Oscar Øvstegård som har saksøkt staten for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital. 

I Herøy kjem fleire av hans støttespelarar, mellom anna advokat Jan Magne Langseth, som skal føre søksmålet for retten. 

Til folkemøte kjem også professor Ole Gjems-Onstad, professor Ola Grytten, sjeføkonom Elisabeth Holvik og førsteamanuensis  Glenn Agung Hole, for å halde innlegg. 

(saka held fram under videovinduet)

Arrangørane opplyser at dei inviterer til dialog, debatt og handling. 

Bakgrunnen for møtet er mellom anna bodskapen frå Arbeidarpartiet, SV og Raudt om at det ikkje er fagleg tyngde for å seie at formuesskatten på arbeidande kapital er øydeleggande for norsk lokalt eigarskap.

Denne kvelden får politikarane sjansen til å møte ein rekke fagpersonar som vil seie si meining om temaet. 

Les Nett No sine artiklar om formuesskatt her

Publisert: 20.08.2025 12:00

Sist oppdatert: 20.08.2025 12:06

Mer om