Kort fortalt

Kontrakt til Scana Volda

Scana Volda skal levere gir- og propellanlegg til skotsk fiskefarty.

26.10.2015
Den pelagiske trålaren "Grateful" skal byggast hos Karstensens Skipsvæfrt i Danmark, og Scana Volda skal levere anlegget i tredje kvartal 2016.
Det er skotske Eschol Fishing Company som har tinga fartyet. Reiarlaget har frå før eit anna farty med framdriftsanlegg frå Scana Volda.
Scana Volda opplyser ikkje kor stor kontrakten er, men administrerande direktør Hallvard Pettersen seier selskapet tek orden som ei stadfesting på at selskapet er konkurransedyktig i dagens stramme marknad.

Publisert: 26.10.2015 13:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50