Kort fortalt

Kontroll av sokkel-tryggleik

Statsråd varslar stortingsmelding.

29.11.2016
(NPK-NTB): Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) varslar ei ny stortingsmelding om tryggleiken på norsk sokkel etter fleire alvorlege hendingar det siste året.
– Petroleumstilsynet har også stilt spørsmål om tryggleiken står ved eit vegskilje og det er usemje mellom partane om kostnadskutta medfører press på tryggleiken, seier Hauglie. Ho set ned ei arbeidsgruppe som skal gjennomføre ein full gjennomgang av HMS-tilstanden i næringa, skriv departementet i ei pressemelding.
– I denne situasjonen vi er i no, er det kanskje endå viktigare enn nokon gong at partane finn gode løysingar saman, at dei som har skoa på også blir høyrde når ein skal kome med gode forslag til korleis ein skal kutte kostnadene utan at det går utover tryggleiken, seier Hauglie.
Rapporten skal leverast i oktober 2017. Sist stortingsmelding om sokkel-tryggleik kom i 2011. (©NPK)

Publisert: 29.11.2016 08:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43