Kort fortalt

Kontroll på smitte ved Vard

Finn mindre smitte enn venta.

Marius Rosbach
20.09.2021

I løpet av helga blei det i alt meldt om 22 nye koronatilfelle i Ålesund kommune.

14 av desse var arbeidarar ved Vard-verfta, og det er lågare enn venta, ifølgje ei melding frå kommunen.

– Smittesituasjon på Vard er under kontroll. Alle dei som er smitta er satt i isolasjon, heiter det.

Det er elles ikkje meld om positive smittetilfelle blant befolkninga til kommunen. Ei mogleg forklaring er at 150 testar teke laurdag, ikkje er ferdig analysert enda, opplyste kommunen søndag kveld.

– Smittesituasjonen i kommunen blir framleis vurdert som stabil med låg førekomst av nye smittetilfelle, uttala kommuneoverlege Victoria Guzenko Natvik i meldinga.

Publisert: 20.09.2021 08:43

Sist oppdatert: 20.09.2021 08:45

Mer om