Vard brattvåg forberedelse koronatest foto vard 11
KORONATESTING: Vard har eit omfattande opplegg med testing av arbeidarar. Her frå tidlegare massetesting ved Brattvåg-verftet. Foto: Vard
Nytt

Smitteutbrot ved Vard-verft

Dei fleste nye smitta er knytte til underleverandør, men elles går smitten ned.

Marius Rosbach
16.09.2021

Ålesund kommune fekk onsdag melding om 22 nye smittetilfelle, ifølgje ei pressemelding torsdag.

18 av tilfella er smitte hos gjestearbeidarar ved Vard Søviknes-verftet – og dei fleste av desse jobbar for ein underleverandør.

– Dei er alle flytta til isolasjon ved Trohaugen i Vestnes kommune. Dei vert følgt opp av Vard og Vestnes kommune. Nærkontaktar er i karantene, heiter det i meldinga.

I meldinga blir også påpeika at det er lite fare for smitte til lokalbefolkninga.

Smittetala faller elles
Verftskonsernet har eit strengare kontrollregime enn styresmaktene pålegg dei, og gjennomfører omfattande testing av arbeidarar frå utlandet og andre tilsette.

Det er også meldt om fire smittetilfelle, der tre av tilfella har kjent smitteveg og eit tilfelle har ukjend smitteveg.

– Smittetala er, når vi ser bort frå dette isolerte smitteutbrotet ved Vard Søviknes, fallande, seier kommuneoverlege Olav Mestad i Ålesund.

Seks innlagte på sjukehus i helseregionen
Han fortel at dei opplever smitte blant unge, men også unge vaksne – og nokre vaksinerte. Dei sistnemnte opplever mindre symptom, og har klart mindre risiko for eit alvorleg sjukdomsbilde, legg han til.

Etter at talet på innlagde i Helse Møre og Romsdal gjekk ned til to pasientar i førre veke, har talet dei siste dagane vore oppe i seks innlagte ved sjukehus, ifølgje ei oversikt frå helseføretaket.

Publisert: 16.09.2021 11:34

Sist oppdatert: 16.09.2021 11:59

Mer om