Toldboden foto ADSUBIA wikimedia commons 11
GJEKK KONKURS: Selskapet som tidlegare drifta utestaden på Toldboden-bygget gjekk konkurs i sommar. No startar dei opp ny utestad i Røysegata i Ålesund. Foto: Adsubia Wikimedia Commons
Nytt

Bomma på koronastøtte - prøver på nytt

Drivarane på konkursråka Toldboden forrekna seg på krisehjelp – no vil dei opne ny utestad i sentrum.

Marius Rosbach
14.09.2021

Selskapet som stod bak drifta på Toldboden i Ålesund, fekk ikkje koronastøtta dei hadde satsa på.

Då dei i tillegg blei bøtelagde for dårleg smittevern, blei det kroken på døra.

Det kjem fram i sluttberetninga til Møre og Romsdal tingrett frå bustyrar Kristine Grønbech Rolland Devold.

Selskapet HIIX AS, som tidlegare heitte HR Restaurantdrift, melde oppbod i slutten av juni, og førre veke innstilte tingretten vidare behandling av konkurssaka.

Fekk ikkje koronastøtte
I rapporten frå bustyraren kjem det fram at drivarane hadde fått forståing av at bransjen burde halde fram å booke artistar og planlegge arrangement – og at dei ville få kompensert tapte inntekter frå styresmaktene.

Etter at ei rekke arrangement blei avlyst vinteren og våren i år, viste det seg at selskapet likevel ikkje hadde rett på støtte. Klager førte ikkje fram, og selskapet stod utan inntekter ein lengre periode.

Bøtelagd
Selskapet har opplyst at dei allereie i april mangla midlar til lønn. Då selskapet også blei bøtelagd 75.000 kroner for brot på smittevernreglane, vurderte styret at det ikkje var forsvarleg å drive vidare.

Bustyrar har ikkje funne mistanke om andre straffbare forhold i drifta, og meiner rekneskapen samsvarar godt med forklaringa til leiinga.

Difor er det heller ikkje føreslått konkurskarantene.

God sommarsesong i fjor
Det konkursråka HR Restaurantdrift blei starta i 2020 og hadde i utgangspunktet skulle ein kortidsavtale med huseigaren på Toldboden sommarsesongen 2020.

Drifta om sommaren gjekk godt og selskapet haldt fram utover hausten og vinteren – men drifta gjekk dårlegare.

I løpet av det siste året har selskapet hatt 52 tilsette, dei fleste tilkallingsvakter, ifølgje rapporten frå bustyrar.


Vil starte opp ny utestad

Tidlegare dagleg leiar Christian Olsvik har no starta eit nytt selskap, Røysa Bar & Scene, som vil opne eit nytt konsept i Ålesund sentrum. Olsvik eig 30 prosent av aksjane i selskapet, medan Aleksander Fylling Røder eig 70 prosent – og er registrert som styreleiar.

– Vi skal ha bar og scene, biljardrom, karaokerom, virtual reality-rom. På scenen vil vi køyre blant annet standup og quiz, samt forskjellige konserter for å treffe flest mogleg målgrupper, fortel han til Sunnmørsposten.

No har dei sendt inn søknad om skjenkebevilling for eit lokale i Røysegata med plass til nær 500 personar.

Publisert: 14.09.2021 11:23

Sist oppdatert: 14.09.2021 11:27

Mer om