Kort fortalt

Kommunane har tent seks milliardar

Rapport viser reknestykket.

29.03.2021

(NPK-NTB-Bibiana Piene): Koronapandemien gav kommunane ei ekstrarekning på rundt 14 milliardar kroner i fjor, viser rapport. Samtidig har dei fått 20 milliardar i ekstra midlar.

Det går fram av ein rapport som vart offentleggjord måndag.

– Kommunesektoren har fått meir pengar enn det dei har hatt i utgifter i koronaåret 2020, slår kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) fast overfor NTB.

– Det har ikkje mangla på dei som har meint at vi burde ha betalt ut langt meir til kommunane og på eit tidlegare tidspunkt. Men denne rapporten viser at vi har treft godt. Vi har halde løfta våre om å stille opp for kommunane og vel så det, seier han.

Helse kosta mest
Det er ei arbeidsgruppe med representantar frå KS og staten som står bak rapporten.

Overslaga byggjer på ei kartlegging KS har gjort av utgiftene til eit utval kommunar og alle fylkeskommunane. Samla har pandemien kosta kommunane 10 milliardar kroner og fylkeskommunane 4 milliardar.

Helse- og omsorgssektoren står ikkje overraskande for rundt halvparten av meirutgiftsoverslaga. Auka utgifter til lønn, testing, smittesporing, smittevernutstyr og kostnader knytt til isolasjon og karantene er dei største enkeltpostane.

Det er likevel store variasjonar mellom kommunane når det gjeld kor mykje TISK-strategien (testing, isolering, smittesporing og karantene) har kosta.

Tapte inntekter
Samtidig tapte kommunane inntekter som følgje av lukka dører i skular og barnehagar då Noreg stengde ned i fjor. Også innan kultur og idrett har kommunen hatt bortfall av inntekter.

For fylkeskommunane er dei økonomiske følgjene av pandemien i all hovudsak knytt til reduserte billettinntekter i kollektivtransporten.

Av dei 20 milliardar kronene er over to tredelar kompensasjon for auka utgifter og reduserte inntekter. I tillegg har kommunane fått midlar til aktivitetsfremjande tiltak via krisepakkane.

– På toppen av dette har kommunane òg hatt ein lågare lønns- og prisvekst på 6,9 milliardar kroner, seier Astrup.

Store forskjellar
Samtidig er det store forskjellar mellom kommunane når det gjeld kor store ekstrautgifter dei har hatt. Mykje av kompensasjonen er derfor gitt som skjønnsmidlar.

– Det betyr nok at nokre kommunar kan ha fått litt meir enn det dei reelt sett skulle ha hatt, medan andre har fått mindre, meiner kommunalministeren, men påpeikar at dette kan vere vanskeleg å fastslå sidan rapporten er basert på stikkprøver.

− Men rapporten viser at nokre kommunar er hardare ramma enn andre. Skjønnsmidlane gjer det mogleg å gi desse kommunane ekstra hjelp. Det må vi halde fram med framover, seier Astrup.

– Pandemien er langt frå over, påpeikar han.

Arbeidsgruppa skal òg kartleggje kostnadene for kommunesektoren i 2021 og leggje fram ein ny rapport i august.

Publisert: 29.03.2021 15:08

Sist oppdatert: 30.03.2021 17:22

Mer om