Kort fortalt

Kraftig auka tilskot til dei største gardane

Tilskota går til dei store.

17.03.2016
(NPK-NTB): Dei siste seks åra har tilskota til store gardsbruk auka betrakteleg meir enn den generelle veksten i tilskot til landbruket.
Medan dei samla tilskota har auka med 13 prosent mellom 2009 og 2015, har bruk på over 500 dekar opplevd ein tilskotsauke på heile 59 prosent, skriv . Denne gruppa bruk fekk 19 prosent av tilskota i 2009, men stod for 27 prosent i fjor.
– Det har skjedd ei veldig kraftig vriding i retning store driftseiningar. Det er ein politikk som kjem til å endre strukturen i jordbruket over tid, seier seniorrådgjevar Ivar Pettersen ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Saman med kollega Klaus Mittenzwei har han gått gjennom fordelinga av tilskot i den aktuelle perioden.
Pettersen meiner denne vridinga gjer at ein kan vente at ein større del av tilskota blir flytta mot flatbygdene der det er betre føresetnader for stordrift.
– Sjølv om distriktsdifferensieringa i tilskota ikkje er svekte, fører vridinga til ein indirekte negativ effekt for distrikta. Resultatet kan bli at meir jord i distrikta vil gå ut av drift, og at nedleggingstakta vil gå opp, seier seniorrådgjevaren. (©NPK)

Publisert: 17.03.2016 09:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47