Kort fortalt

Kraftig auke i kortbruken

Vi drog kortet for 51 milliardar kroner i november.

08.12.2016
(NPK-NTB): Basert på kortbruken her i landet er det mykje som tyder på at julehandelen er godt i gang. I november brukte vi betalingskort meir enn 150 millionar gonger.
Novemberbruken av kort auka med 7,5 prosent samanlikna med november i fjor, viser nye tal frå BankAxept og Nets.
– Ein del dagar med mykje kortbruk tyder på at mange er godt i gang med julehandelen, seier pressesjef Stein-Arne Tjore i Nets i Norge.
I alt vart betalingskorta brukt for meir enn 51,8 milliardar kroner i november, ein auke på 6,4 prosent samanlikna med same månad i fjor. Tala viser også at det vart sett ny rekord på den såkalla Black Friday.
– Då vart det utført nesten 8,1 millionar kortkjøp, og omsetnaden med betalingskorta var på i overkant av 3,3 milliardar kroner. Aldri før er korta nytta så flittig som denne dagen, seier Tjore. (©NPK)

Publisert: 08.12.2016 12:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43