Det har vore ein kraftig auke i talet på båthavari dei siste to åra. Ei medverkande årsak er mange ferske og uerfarne båtførarar.
I 2020 auka talet på båthavari med 27 prosent samanlikna med året før, ifølgje fagsjef på båt i Frende Forsikring, Edmond Wold Gaulen. Han fortel at talet på havariskadar har auka med nesten 25 prosent dei siste to åra.
I 2019 var det 5800 havari skadar, medan talet hopa til over 7800 i 2021, viser tal frå Finans Noreg.
Mange kjøpte båt den første pandemisommaren då dei ikkje kunne reise utanlands.
– Uerfarne båtførarar må ta ein del av skulda for auken. Dårleg kjennskap til båtføring, kart, navigering og fartskjensle spelar inn i det skyhøge talet på havari vi ser no, seier Gaulen. Han fortel at grunnstøyting er blant dei vanlegaste skadane hos ferske båtførarar.
Havariskadar står for meir enn 60 prosent av både båtskadane og erstatningane som vart utbetalte frå forsikringsselskapa i fjor.
– Mange av desse skadane er mogleg å unngå med naudsynt og opplæring og erfaring. Uhell og grunnstøytingar skjer gjerne i trongare farvatn. Der kan du ikkje alltid berre stole på kartplottaren. Då må du også kunne bruke papirkart og auga meg deg, seier Edmond Wold Gaulen.
Ifølgje ei tidlegare båtlivsundersøking frå Kongelig Norsk Båtforbund er det meir enn 130.000 uforsikra båtar her i landet. Fagsjefen i Frende er uroa over at så mange tek sjansen, og at å køyre båt utan forsikring er ein større økonomisk risiko enn mange kanskje trur.
– Mange trur at ansvarsreglane er like for båt og bilforsikring. Altså at om nokon køyrer på båten din ved hamn, så blir skade dekt frå den ansvarlege sitt selskapet. Det er ikkje slik for båt. Den som har skadd båten må ha utvist manglande aktsemd for at det skal skje. Har båtføraren vore uheldig, eller at noko teknisk har svikta, er det du som må betale. Og det kan bli dyrt, seier Edmond Wold Gaulen.
Publisert: 17.03.2022 11:04
Sist oppdatert: 17.03.2022 11:05