Fire kommuner på Nord-Vestlandet er allereie på Robek-lista, og minst to nye er garantert plass innan kort tid.
Fleire Sunnmørs-kommuner er i faresonen, dersom politikarane ikkje klarer å bli samde om store og vanskelege grep i budsjetta framover.
– Vi har sett ei betydeleg forverring
Dei fire kommunene som i dag er under statleg kontroll er Hareid, Sande og Herøy, i tillegg til Stad i Vestland.
Ifølge Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er også Ørsta nær ein Robek-status. Vanylven er også ein kommune som må styre med svært stramme raumar i 2026 for å unngå notering. Haram styrer også mot Robek, men truleg fyrst i 2027, ifølge kommunedirektøren Anders Norvald Hammer.
– Vi har sett ei betydeleg forverring i situasjonen sidan i fjor. Spennet mellom mellom kommuner med god og dårleg økonomi er stort og aukande, fortel Sissel Hol ved Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Sjå oversikt over økonomien i kommunane under saka
Hamna på Robek ved ein glipp
– Eg kan ikkje hugse at eg har sett ein verre situasjon i kommunene, verken då eg var ordførar eller som kommunedirektør, seier kommunedirektør Bjørn Inge Ruset i Fjord.
Hans kommune er ikkje i faresonen i år, men seier 2026-budsjettet blir svært krevjande for kommunen.
Eg kan ikkje hugse at eg har sett ein verre situasjon i kommunene
Hareid kom inn på lista i fjor med milliardgjeld og eit oppsamla meirforbruk på 106,4 millioner kroner, og kjem neppe ut av lista med det fyrste.
Det gjer heller ikkje Sande, som ligg an til å gå 35 millioner kroner over budsjett i år.
Herøy hamna på Robek i september i år på grunn av ein reknskaps-glipp, og vil difor få eit kortvarig opphald på lista. Nyleg fekk dei også selskap av Stad, som for øvrig er den einaste Robek-kommunen i heile Vestland fylke.
Dette er Robek
- Står for «Register om betinget godkjenning og kontroll»
- Liste over kommuner og fylkeskommuner i økonomisk ubalanse.
- Kommunar på Robek treng godkjenning frå Statsforvaltaren for å ta opp lån, og vedta økonomiplanar, årsbudsjett og årsrekneskap.
- Innmelding skjer dersom kommuner går med meir enn 3 prosent underskot (meirforbruk), ikkje klarer å vedta budsjett/økonomiplan utan underskot, eller ikkje overheld fristar levering av økonomiplan, budsjett eller rekneskap.
- Kommuner har to års frist til på dekke inn tidlegare års underskot for å unngå Robek-registrering.
(Kjelde: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal)
Framleis håp i Ørsta, Vanylven og Haram
– Politikarane har sagt dei vil gjere kva dei kan for å unngå Robek, så eg er spent på kva tiltak dei vil foreslå, seier kommunedirektør i Ørsta, Kari Flø.
I Vanylven har kommunedirektør Anders C. Nørve framleis eit håp om å unngå Robek-notering, men då må kommunen klare å dekke inn tidlegare års meirforbruk seinast i 2026 .
– Vi innførte fleire innsparingstiltak i sommar, og nokon av dei kan gi effekt allereie frå 2025, så vi har framleis ei moglegheit, seier Nørve.
Haram ligg an til å gå 10–15 millioner kroner over budsjett i år, sjølv etter å ha brukt 10 millioner kroner av disposisjonsfondet.
– Vi har nok stø kurs mot notering, men sannsynlegvis fyrst i 2027, fortel kommunedirektør Anders Norvald Hammer i Haram.
Krevjande tiltak
Sissel Hol ved Statsforvaltaren i Møre og Romsda seier endå fleire kommuner er i faresonen dersom politikarane ikkje klarer å bli einige om omfattande spareplanar og krevjande kutt i tenestetilbodet.
– Det er særleg innan oppvekst, og helse og omsorg at mange kommuner slit. I tillegg har mange kommuner i fylket høg gjeld i forhold til resten av landet, noko som blir utfordrande når renta er høg, fortel Hol.
Sjølv blant dei meir stabile kommunene må kommunedirektørane svinge sparekniven.
– Vi er førebels ikkje på Robek, men det betyr ikkje at kommunebudsjettet er særleg lystig lesing, seier kommunedirektør Torbjørn Ove Emblem i Sykkylven.
Sjølv om Sykkylven allereie har lagt ned tre skular, har gode skatteinntekter frå næringslivet, har eigedomsskatt - og har frie inntekter frå energi og havbruk - ligg kommunen an til å gå rundt 15–20 millioner i minus 2025.
Sjå oversikt over økonomien i kommunane under
| Kommune | Driftsresultat (i % av inntekter) | Fond (i % av inntekter) | Lånegjeld (i % av inntekter) | ||
| 2024 | 2021 | ||||
| Fjord | 3,1 | 0,8 | 1,5 | 86,8 | |
| Giske | −1,8 | 4,5 | 3,8 | 122,9 | |
| Gloppen | 0,7 | ||||
| Haram | −0,7 | - | 3,3 | - | |
| Hareid | −10,5 | 0,8 | 0,0 | 152,0 | |
| Herøy | −0,4 | 0,0 | 2,0 | 76,5 | |
| Kinn | 1,0 | ||||
| Molde | −2,4 | 2,6 | 1,8 | 118,7 | |
| Rauma | 1,6 | 0,0 | 3,7 | 102,4 | |
| Sande | −7,8 | 1,9 | 0,1 | 93,6 | |
| Stad | −2,0 | ||||
| Stranda | 2,9 | −0,1 | 15,8 | 125,2 | |
| Stryn | −1,7 | ||||
| Sula | −4,0 | 4,0 | 8,2 | 115,7 | |
| Sykkylven | −1,6 | 1,6 | 4,7 | 114,4 | |
| Ulstein | −2,4 | 0,8 | 1,4 | 136,0 | |
| Vanylven | −5,4 | 1,4 | 1,2 | 69,0 | |
| Vestnes | 0,6 | −1,8 | 2,4 | 67,9 | |
| Volda | −2,5 | 1,7 | 7,8 | 139,8 | |
| Ørsta | −7,4 | 1,1 | 0,6 | 120,1 | |
| Ålesund | −0,3 | 0,4 | 1,8 | 117,1 | |
Publisert: 29.10.2025 05:00
Sist oppdatert: 29.10.2025 11:12






