Kort fortalt

Kraftig auke i ulovleg fiske

67 meldingar om ulovleg fiske.

27.11.2017
NPK: Statens naturoppsyn (SNO) har i år meldt 40 prosent fleire for ulovleg fiske. Det vekkjer uro.
Ulovleg fangst kan få store konsekvensar for bestanden av laks, sjøaure og sjørøye i fleire elvar, og for ål og edelkreps i innsjøar.
– Vi er skuffa og overraska. Omfanget av det ulovlege sjøfisket er så stort at det er vanskeleg å sjå at det berre blir fiska til eige bruk, seier direktør Pål Presterud i Statens naturoppsyn.
Til saman har oppsynet i år levert 67 meldingar om ulovleg fiske, mot 47 i fjor. Det er også drege inn så mange som 375 garn, noko som svarar til nesten 12 kilometer. I tillegg har Politiet og Kystvakta kome med eigne meldingar og inndragingar.
Hordaland og dei tre nordlegaste fylka toppar lista over flest inndregne garn.

Kan få store konsekvensar

Miljødirektoratet ser alvorleg på situasjonen.
– I verste fall kan tjuvfiskarane radera ut ein heil årgang av ein bestand som er på veg for å gyta i elva dei blei fødde i, skriv Miljødirektoratet på eigne nettsider.
Dersom reproduksjonen av laksebestanden i ei elv ikkje er god nok, varslar direktoratet at dei kan bli nøydd til å innføra strengare reguleringar i fiske eller stoppa det lovlege fisket heilt.
Også ulovleg fiske etter ål og edelkreps i innsjøar skaper uro. Trass i at ålen er totalfreda, har Statens naturoppsyn drege opp ulovlege reiskapar for å fanga ål både i Trøndelag og Sogn og Fjordane, medan det i Buskerud er gjort fleire beslag av ulovleg fiske etter edelkreps.

– Treng haldningsendring

For å få slutt på problemet med tjuvfiske, meiner direktøren i Statens naturoppsyn at det trengst ei haldningsendring. Han minner om at ulovleg fiske er eit ran frå fellesskapet.
– Dette bør vera like lite sosialt akseptert som andre lovbrot, seier Presterud.

Publisert: 27.11.2017 20:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40