(NPK-NTB-AFP): Uro over situasjonen i kinesisk økonomi og fallande oljepris førte til kraftig nedgang på børsane i Asia onsdag.
Børsen i Tokyo enda med ein nedgang på 3,7 prosent og har dermed falle meir ein 20 prosent frå toppen i fjor.Aksjane i Hang Seng-indeksen fall 3,7 prosent, noko som er lågaste registrering på fire år. Hongkong-børsen har falle meir enn 10 prosent sidan årsskiftet. Den kraftige nedgangen har sett eit auka press mot Hongkong-dollaren som for augneblinken er på sitt svakaste sidan 2007 målt mot USA-dollaren.
Kursnedgangen har ført til ein vond sirkel der meklarane tolkar den fallande dollaren som signal på at kapitalen er på veg ut av marknaden. Dette fører til ytterlegare nedgang.
– Det blir no spekulert i at Hongkong-dollaren vil kollapse. Men styresmaktene har nok kraft til å forsvare valutaen, seier meklar And Francis Lun i GEO Securities i Hongkong. (©NPK)

Publisert: 20.01.2016 08:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49