Kort fortalt

Kraftig nedgang i salet av nye bustadar

August-svikt på 33 prosent.

14.09.2017
NPK-NTB: Så langt i år er salet av nye bustadar 18 prosent lågare enn i fjor. I august var salet 33 prosent lågare enn i same månad i fjor.
Tala kjem fram i den månadlege statistikken til .
– Vi ser med ei viss uro på nedgangen i salet av leilegheiter. Vi trur at dette har samanheng med innstrammingane i bustadlånsforskrifta. Det er no på tide å evaluere denne for å sjå på moglege lettar for finansiering av kjøp av nye bustadar. Vi har i dag bedt om eit møte med finansminister Siv Jensen for å diskutere dette, seier administrerande direktør Peder Jæger i Boligprodusentenes Forening.
Det er salet av leilegheiter som fell mest, med ein reduksjon på 31 prosent så langt i år. Salet av einebustadar ligg 10 prosent under fjoråret, mens det er selt 15 prosent fleire småhus i år enn i fjor på same tid, opplyser foreininga.
Dei siste tolv månadane er det igangsett 32.658 bustader. Så langt i år er det igangsett 8 prosent fleire bustadar enn på same tid i fjor.

Publisert: 14.09.2017 12:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41