Kort fortalt

Kraftig prisauke

Prisane har auka med 6,8 prosent på eit år.

10.08.2022

Prisstiginga har vore 6,8 prosent det siste året. Som førre månad er det særleg matvareprisar og drivstoffprisar som driv veksten.

Prisveksten dei siste tolv månadene var 0,5 prosentpoeng høgare enn tolvmånadersendringa i juni, som allereie var svært høg.

– Ein historisk høg prisvekst på matvarer og alkoholfrie drikkevarer i juli var den viktigaste årsaka til oppgangen i konsumprisindeksen (KPI) i juli. Vi har ikkje nokon gong tidlegare målt ein tilsvarande prisauke for matvarer frå ein månad til ein annan i KPI, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.

Dei siste månadene har vore prega av stigande konsumprisvekst, og denne månaden stig veksten ytterlegare. Vi må tilbake til juli 1988 for å finne tilsvarande tolvmånadersvekst i KPI.

Frå juni til juli gjekk prisane på elektrisitet inkludert nettleige ned med 1,1 prosent, men dei var likevel 18 prosent høgare i juli 2022 enn juli 2021.

Dei siste tolv månadene gjekk prisane på drivstoff og smørjemiddel opp 47,4 prosent. Frå juni til juli auka prisane på diesel med 0,9 prosent, medan det for bensin vart målt ein prisnedgang på 4,1 prosent.

– Trass i ein viss nedgang den siste månaden er nivået på energiprisane framleis høgt og bidrog til at tolvmånadersveksten i KPI var høg i juli, om enn ikkje i like stor grad som dei gjorde i månaden før, seier Kristiansen.

KPI utan energivarer, KPI-JE, viste ei tolvmånadersendring på 4,7 prosent frå juli 2021 til juli 2022. Forskjellen mellom KPI og KPI-JE viser at prisane på energivarer har bidrege til å trekkje veksten i KPI opp med 2,1 prosentpoeng det siste året.

Bak den sterke oppgangen i KPI dei siste tolv månadene finn vi også ein prisauke på dei fleste andre varer og tenester. Forutan mat- og energivarer bidrog prisvekst på møblar og restauranttenester mest til at KPI var 6,8 prosent høgare enn eitt år tidlegare.

– Vi registrerer at det er ein brei og generell oppgang som pregar KPI dei siste tolv månadene. Det er svært få varer og tenester som ikkje går opp i pris, seier Kristiansen.

Publisert: 10.08.2022 09:08

Sist oppdatert: 10.08.2022 09:09