Kort fortalt

Kraftig vekst for netthandel

Verdien passerer 100 milliardar.

13.09.2017
NPK-NTB: Nordmenns netthandling er dobla på fem år og vil i 2017 passere 100 milliardar kroner, viser anslag frå det danske selskapet DIBS Payment Service.
Selskapet kartlegg omfanget av netthandelen i Norden og konklusjonen er at netthandelen kjem til å auke med 16 prosent i år, til 105 milliardar kroner, skriv .
DIBS' rapport viser at 85 prosent av den norske befolkninga handlar på nett.
– Går vi fem år tilbake ville ein ikkje kunne førestille seg at veksten ville fortsette i så høgt tempo. Og det er ingenting som tyder på at festen vil stanse her, for vi ser ei konstant aukande kjøpelyst blant alle aldersgrupper samtidig som stadig fleire bransjar finn vegen til den digitale marknadsplassen, seier Johanna Tell. Ho er Noreg-sjef i DIBS Payment Service.
Patrik Müller, som er DIBS’ ekspert på detaljhandel, meiner at netthandelen i Noreg begynner å få eit omfang som gir den same utviklinga som ein har sett i USA, der varehus og andre fysiske butikkar blir stengde fordi dei blir utkonkurrerte av netthandelen.

Publisert: 13.09.2017 10:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41