Kort fortalt

Kraftig vekst i elsykkelsalet

Fleire par kjøper elsyklar saman.

09.07.2019
NPK-NTB: Elsyklar er i vinden som aldri før. Sportsbransjen har anslått at dei vil selje 50-60.000 elsyklar, men må truleg justere opp det talet.
I oppkøyringa til sommaren har salet auka med 20 prosent, samanlikna med i fjor, seier direktør Trond E. Hansen i Norsk Sportsbransjeforening til Finansavisen. Han seier signalet frå heile bransjen er ein kraftig vekst i salet.
– Marknaden for elsyklar boomar. Vi trudde vi ville selje 50–60.000 elsyklar i år, men no ser vi at dette talet nok vil bli justert kraftig opp, seier Hansen, som ser for seg salsrekord denne sommaren.
Bjarne Liseth, som er sykkelsjef i Sport 1-kjeda, kan fortelje om ein auke på 36 prosent i elsykkelsalet i år, og han trur oppturen vil halde fram.
– Vi ser mellom anna at dei som kjøper elsyklar blir yngre, og dessutan at fleire par kjøper syklar saman. Dette er ei artig utvikling for bransjen og gir gode prognosar for vekst.
Hansen seier salet aukar for alle typar elsyklar. Som forklaring trekker han fram faktorar som auka helse- og miljøfokus og betre sykkelvegar.
– I tillegg til at bompengar er dyrt og sykling er gratis.

Publisert: 09.07.2019 09:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33