Tarjei Rødset foto Runar F Daler Anleggsmaskinen 11
NYTT GODT ÅR: Daglig leder Tarjei Rødset og Aco Anlegg-konsernet leverer eit nytt svært godt økonomisk resultat for 2024. Foto: Runar F. Daler/Anleggsmaskinen
Kort fortalt

Kraftig vekst og rekordoverskot i tøffe tider

Nok ein entreprenør går mot straumen i bransjen.

Marius Rosbach
19.06.2025

Rekneskapen til Aco Anlegg for fjoråret viser at entreprenørbransjen på Nordvestlandet held koken. 

Selskapet leverte rekordhøg omsetning og rekordhøgt overskot i 2024. 

Driftsinntektene auka med kring 60 millionar til 376 millionar kroner. Resultat før skatt enda på 20 millionar – eit par millionar opp frå førre rekord i 2022. 

Etter fjoråret blir det sett av 10 nye millionar kroner i utbytte. Også det er rekordhøgt. 

Aco Anlegg As  
Årsresultat (i mill kr)20242023
Driftsinntekter376,1315,1
Driftsresultat13,92,0
Resultat før skatt20,11,8

Entreprenørselskapet Aco Anlegg utgjer hovudverksemda i Aco-konsernet med hovudadresse på Vadset i Ålesund. Konsernet med Aco Møre Holding på toppen, består av til saman ti selskap. 

«Selskapets økonomiske og finansielle stilling vurderes som god», skriver styret nøkternt i årsmeldinga. 

Vidare blir det påpeika at marknaden framleis er stram og konkurransen tøff, slik at marginane heile tida blir pressa. Ordresituasjonen framover, blir samtidig omtala som tilfredsstillande. 

Mange i bygg- og anleggsbransjen slit med lønnsemda og mangel på oppdrag, men i Møre og Romsdal har fleire av dei største entreprenørane, som Peab K. Nordang og Christie & Opsahl lagt bak seg nye rekordår. 

Publisert: 19.06.2025 10:22

Sist oppdatert: 20.06.2025 01:08

Mer om